onsdag 28. oktober 2009

Livet i Townsville dei siste vekene

Sjøl om det he våre masse innleveringar og framføringa dei siste tre vekene, he det også blitt tid til en del andre ting. :)
I huset mitt he vi hatt to bursdagsbarn på samme dag, Cecilia fylte 22 og Marina 30 den 12 oktober!
Mat må en ha på bursdagen sin! ;)
Cecilia vart feira med surpriseparty(og ho vart fullstendig overraska), mens Marina måtte ha ei litt større feiring sia det var ei so stor dag! Derfor sendte vi ho vekk på masssje og pedikyr, mens vi andre jentene ordna til ei stor feiring for ho. Med masse mat, leika, godt humør og songa vart det ei feiring longt utover nattetimane so ho forhåpentligvis vil huske leeenge framover.
Alle ville vere blonde sånn so Stine, dermed vart det parykk!


Ein laurdag tok vi turen på Greek Festival, der åt vi souvlaki og såg på gresk folkedans. Nesten so ej va tilbake til Kreta og sommarferien. Ej og Marina meldte oss på ei konkurranse i tallerken knusing, i håp om at vi skulle slenge tallerkena i bakken. Men i staden skulle vi halde ein stabel i handa og knuse dei med eit anna fat. Sjøl om vi tapte godt, var det jaffal morsomt. Både for oss og dei so såg på!

Tallerken knusing!

Det he blitt alt for få daga på the Strand, men av å til glimta vi til og teke bussen inn til sentrum. Det teke ikkje longe stonda, og det e veldig lett å bli overtalt av våre to gode venna i byen(Stine og Nicco) til å vere med å spele volleyball med påfylgande bergensk fiskesuppe en søndag. :)

Yess, ej vann!
Laurdag so va fekk vi også med oss dei lokale fotball heltane, North Queensland Fury sin kamp mot Perth Glory. Det vart siger til Fury, den fyrste på heimebane. So det var stor stemning på stadion! Dei so e litt kjente innafor fotball, spesielt Liverpool, so spela Robbie Fowler(eller noke sånt) på Fury laget. Han e den store helten! Å berre for å skryte, so møtte ej og Cecilia han på matbutikken en gong! wooow
Takk og farvel

mandag 26. oktober 2009

Lecture Recess

Veka 28 september til 4 oktober var det lecture recess, eller spring break, eller haust ferie, eller ka du måtte kalle det! Det betyr ingen skule og masse tid til morro. Vi va en gjeng på 6 nordmenn(ej,cecilia,marina,henrik,kjetil,didrik) so hadde bestemt oss for å reise til Brisbane området. So dagen ette flyshowet, en tidleg søndag morgen reiste vi sørover. Med kun handbagasje( ja, ej he blitt sjukt god på å pakke lite) landa vi i Brisbane i halv 9 tida. Ette å ha komt oss på flytoget til byen og fått oss en god frokost gjekk vi oppover gata, for ej skulle treffe Eline. Egentlig skulle ej treffe Oda fyrst, meeeen ho hadde forsove sej!

Plutslig ut av ingenting stod Eline rett framom mej på gata! Ein fantastisk fin følelse.(Eline he ej bodd med i to år i Bergen for dei som ikkje kjenne igjen navnet)
Ette å ha snakka me ho og Gaute(kjærsten) ei stond, kom også Oda gåande ned gata! Veldig koslig!
Den fyrste dagen tilbrakte ej at med Oda, då var det reiseplanlegging og makrell i tomat eting det gjekk i! :)
Mandag ettemiddag møtte ej dei andre nordmenna igjen og vi tok toget oppover mot Hervey Bay. For tirsdag morgen var det klart for avreise til Fraser Island, verdas største sandøy. Vi ha booka oss inn på en todagers guida tur. Vi fekk en veldig morsom guide, Karl! Han va gal med monge gode historie og sjølvlaga dikt! ;) Men det gjorde turen veldig bra. Vi fekk bade i Lake McKenziee; nydelig heilt klar innsjø, vandre i regnskogen, køyre langs stranda, bade i champagne pools, bade i Eli Creek, studert eit båtvrak på land, nytt utsikta frå Indian Head, skubba bussen ut av sanden og køyrt på masse hompete sandveia. Kuult! :)

Sjøl om turen va litt charter prega, so fekk vi sett veldig masse og med maten servert var det ingen so klaga. :) Einaste negative va kulda, vi oppe frå nord ekje vande med å ha det kjølig om kvelden. So tru vi såg bra fine ut der vi kledde på oss alle klea vi hadde med i sekken!


Onsdag kveld var vi vel tilbake i Hervey Bay, og starta leitinga for korleis vi skulle kome oss sørover mot Brisbane og Surfers Paradise igjen. Ette å ha vurdert en fiskebåt nedover kysten med en kul/rar/spesiell fiskar, endte vi opp med å ta bussen til Brisbane og tog vidare derifrå til Surfers Paradise. Framme i Surfers vart vi ståande på gata ei stond. Vi ha nemlig ikkje noken plass å overnatte. I Surfers var det Uni Games, det vil seie at alle sportsgruppe frå alle Universitet i Australia var der-- dermed stappfullt! Men ette å ha spørt tilfeldige folk på gata og droppa innom alle motell/backpackerplassa/hostell/hotell i over en time, fann vi endelig eit lite søtt irsk motell. Neste gong skal vi ha bestilt jaffal en dag før! ;)
fredagen var planen å melde sej på surfe kurs, men ting teke alltid tid, berre det å få sej frokost teke looonge tid, og sia ej og cecilia måtte reise oppover mot Brisbane om ettemiddagen, vart det desverre ikkje noke surfing. Dessuten va ikkje bølgene og forholda heilt på topp. Men skal ikkje klage på en fin dag på stranda.....

I Brisbane gjekk ej og cecilia på en sushi bar med live jazz musikk. Meget sofistikert!
Det vart lite søvn den natta før vi måtte opp i 6-7 tida for å rekke toget til flyplassen.
Men turen var fantastisk sjøl om vi brukte dei neste dagane på å sove ut. Vi stod opp i 7 tida kvar dag for å vere med på masse aktiviteta, og kom oss aldri i seng før seint. :)

søndag 25. oktober 2009

Flyshow

Laurdag 26 september var det stor feiring av 10 års jubileumet til The Strand. Dagen skulle feirast med flyshow og fyrverkeri!
Vi pakka med oss en kjølebag med drikke og litt snæks og skulle tilbringe heile dagen på stranda, men vi kom oss litt seint avgårde. Men sjøl om der va venta monge monge tusen tilskuera, var d ikkje noke vanskelig å finne seg ein plass. I Australia e det nemlig ikkje kult å sete i sola og jaffal ikkje på sanden. So heile stranda va ledig og berre ropte på oss, mens alle andre trykte sej sammen under dei få palmene for å få skygge. Heilt greit det!
Det var litt av eit flyshow, med helikopter, thunderbirds, krigsfly ++
Vi vart like fascinert kvar gong dei flaug over haude vårt, køyrde mot kvarandre og unngjekk kvarandre akkurat for å danne fine formasjona. Fekk vel fram en flyentusiast i alle!


Kvelden vart avslutta med eit 25 minutters fyrverkerishow!! aldri sett eit so stort fyrverkeri so varte so lenge!!! Tenkte kun på alle pengane so vart brukt på det, men det var so fint at det va værdt det! dessuten e d ikkje mine skattepenga so blir brukt, so då e d ok ;)

onsdag 21. oktober 2009

Biltur til Cairns

Helga 11-14 september va vi en god gjeng med nordmenn som bestemte oss for å reise til Cairns, ein litt større by og meir turistprega, so ligge litt lenger nord for Townsville. Vi leigde en 8 seters bil, sia det blir ein god del billigare enn å ta bussen, i tillegg til at vi då fekk sett meir og kunne stoppe akkurat der vi ville. Det gjorde at vi brukte heile fredagen på å køyre opp, men på veien fekk vi sett Mission Beach, eit par fossefall(då skulle folk ha sett dei norske fossane) og ein god del aude landskap. I bilen hadde vi nok sukker, med både brownies, cookies(mi oppskrift) og små reisepakka! Viktig å ha en fin biltur med masse morro, sjøl om to i baksetet(ej og stine) måtte roe oss ned eit par hakk då vi nerma oss Cairns. Målet med Cairns turen, i tillegg til å oppleve noke anna enn Townsville, va for min del å fare på the Great Barrier Reef for å snorkle. Fantastisk opplevelse, masse fisk og korallrev og fine farga. Sjøl om ej he skrekk for å bade med fisk, so gjekk det overraskande bra. Føle at du berre e på toppen av eit akvarium og ser ned på dei. Men ej fekk ikkje sett Nemo, so neste gong skal ej jakte på den. Noken hoppa i fallskjerm, men ej holdt mej på bakken ved sia av bassenget heile søndagen. Når vi skulle køyre ned igjen brukte vi alt for longe tid på å sjå på fine ting, finne frokost, besøke Paronella park(google det) og bade i naturlige rutsjebane. Nice nice, og at vi ikkje rakk tilbake til tidsfristen for å levere bilen gjor ingen ting. Alle va enige om at det hadde våre en fantastisk fin tur! :)

mandag 19. oktober 2009

Nytt liv i bloggen

Halloen godt folk!
No begynne eksamensperioda i Townsville og det vil seie at ej he veldig god tid til å blogge. Egentlig ikkje, men det e aldri kjekt å lese til eksamen, og iallefall ikkje kjekt å skrive oppgåve. Då e der alltid lett tilgjengelig ei unnskyldning for å gjere andre ting, som å vaske badet, rydde rommet, brette kle, sete på facebook, eller blogge. Dermed skal ej i dei to neste vekene få litt liv i bloggen min. So då håpe ej folk lese den og legge igjen ein kommentar eller to. Men for å ha noke å skrive om disse vekene, so går ej litt tilbake i tid og oppdatera dokke på litt av det ej he gjort på til no. :)
På mission beach.