tirsdag 18. august 2009

Veka so va!

No he ej fått veldig monge kommentara på at innlegga mine e for små og for kjedelige(susanne)! So no skal dokke få eit veldig innhaldsrikt og longt innlegg om den veka so va! :) gle dokke!

Veka begynte med bursdagen min! :D hadde fått beskjed søndagskveld om at ej skulle sove til ej vart vekt på mandag, å ej e ikkje vanskelig å be når det kjeme til å få sove litt ekstra. So når klokka va litt over ni(dei fleste vil vel ikkje kalle det å få sove lenge, men men) banka d på døra mi og inn kom to syngandes jente med eit fat med lys og daim på!! great success!! ej fekk også ein pakke på senga, heilt i frå Brisbane!(takk Eline)

So va det klart for frokost med nybaka herlig brød! Etter eit par tima dressa vi oss opp og tok bussen i retning sentrum. Det var tid for bursdagslunsj/middag med jentene! Det endte opp med kinamat, sia sushi plassen va stengt. Etter eit 9 retttars måltid gjekk vi vidare for å utforske butikkane. Der fekk ej mej prinsesse tiara og sløyfe! kjekt! I tillegg fann ej mej en veldig fine bikini på salg! WOW! Martine sa ej såg veldig brun ut i den, so då måtte ej berre kjøpe den!

So va d klart for bursdagskake, plassen vart spotta og kaka gjekk raskt ned! :)





På kvelden va det tid for årets fyrste fotballkamp, JA, ej spela fotball! Ej helde på å utvikle eit nytt talent, til og med fotballsko e kjøpt. So no e ej snart klar for grendacupen i jula. Det skal seiast at d berre e en sånn skulecup liknande, so d ekje so veldig alvoreleg. Men vi (lage mitt består av mest nordmenn, to amerikanske og en australsk "trenar"), skal vinne heile greia, so vi MÅ ta det alvorleg! Å so klart vann vi kampen! Veldig fin bursdag! Takk til alle so gjor den so fin.

Tirsdagen vart brukt til skulearbeid, men på ettermiddagen va ej og cecilia på besøk med martine og åt pizza og såg film! digg!


Onsdag e den travlaste skuledagen min i heile veka. Då e d samanhengande tima mellom 9 og 3! :O å so e d på igjen 7-9 på kvelden! Men ej, Cecilia og Stine(ei anna norske so studera her) he laga oss en middagsdate og ikkje minst LIGRETTOdate på onsdaga mylla timane! Ej å ceci prøva å få flest mulig med på det fantastiske spelet, å ej trur Stine e frelst! ;)

Torsdag hadde vi "beergame" på skule, der lært vi om system og at organisasjonar aldri står åleine. Alt e en del av eit system, det va veldig interessant å vere med på. Og veldig morsomt! på kvelden hadde vi fyrste møte med ei gruppe vi skal ha eit prosjekt med. To australske jente og ei frå seychellene(eller noke sånt) Veldig koslig, og ej trur det blir ei bra oppgåve. :)
So va det "konsert" på UniClub ettepå! ;)

Laurdag va det BBQ i eit hus der det bor monge internasjonale studenta, trur vi va nesten 50 stk der på en gong, om ikkje fleire. Men dei ha stor bakhage og grill, so det gjekk fint! smakte på kengerupølse!! men d e ikkje å anbefale......

Både laurdag og søndag va ej ute å jogga før frokost!! høyr ne! ;) ej skal bli spreke no!

Søndagen brukte vi til å vaske, blåse opp ballonga og lage kake og gele! Ej skulle feire bursdagen min med barneselskap!! :) Huset vart pynta og alt klart når gjestane kom. kvelden vart veldig vellykka, og ej likte godt å sprade rondt i en rosa prinsesse kjole :) vi hadde både ballongleiken og kviskreleiken, tillegg til utrulig masse e-stoff og sukker. typisk barnebursdag!

Gler mej til ej blir prinsesse når ej blir stor!

So der. no fekk dokke litt oppdateringar! Kan love at dei neste innlegga ikkje blir like longe..... so don't worry! :)

1 kommentar:

  1. ååå, kjekke oppdatering, prinsesse karoline! :D
    ej gle mej til å heie på dej på grendacup! haha. regna me du heretter skal joine laget fast inventar..? :p

    SvarSlett