onsdag 21. oktober 2009

Biltur til Cairns

Helga 11-14 september va vi en god gjeng med nordmenn som bestemte oss for å reise til Cairns, ein litt større by og meir turistprega, so ligge litt lenger nord for Townsville. Vi leigde en 8 seters bil, sia det blir ein god del billigare enn å ta bussen, i tillegg til at vi då fekk sett meir og kunne stoppe akkurat der vi ville. Det gjorde at vi brukte heile fredagen på å køyre opp, men på veien fekk vi sett Mission Beach, eit par fossefall(då skulle folk ha sett dei norske fossane) og ein god del aude landskap. I bilen hadde vi nok sukker, med både brownies, cookies(mi oppskrift) og små reisepakka! Viktig å ha en fin biltur med masse morro, sjøl om to i baksetet(ej og stine) måtte roe oss ned eit par hakk då vi nerma oss Cairns. Målet med Cairns turen, i tillegg til å oppleve noke anna enn Townsville, va for min del å fare på the Great Barrier Reef for å snorkle. Fantastisk opplevelse, masse fisk og korallrev og fine farga. Sjøl om ej he skrekk for å bade med fisk, so gjekk det overraskande bra. Føle at du berre e på toppen av eit akvarium og ser ned på dei. Men ej fekk ikkje sett Nemo, so neste gong skal ej jakte på den. Noken hoppa i fallskjerm, men ej holdt mej på bakken ved sia av bassenget heile søndagen. Når vi skulle køyre ned igjen brukte vi alt for longe tid på å sjå på fine ting, finne frokost, besøke Paronella park(google det) og bade i naturlige rutsjebane. Nice nice, og at vi ikkje rakk tilbake til tidsfristen for å levere bilen gjor ingen ting. Alle va enige om at det hadde våre en fantastisk fin tur! :)

2 kommentarer:

  1. du e HELDIG!! gler mej til å sjå masse bilde når du kjøme hiemjenn :))

    SvarSlett
  2. Mi oppskrift? :P

    SvarSlett